Aktivitetsleir 2024 – Eg ve’ te’ Bergen

, skrevet av Oda Dalhøy

Årets aktivitetsleir «Eg ve’ te’ Bergen», blir på Åsane folkehøgskole i Bergen den 15.-20. juli.  Vi ønsker alle velkommen til en nydelig uke med masse lek, morro og nye vennskap!

Pris per deltaker:

Voksne (over 18 år): 3500 kr
Jubamedlemmer:
13-17 år: 2200 kr
4-12 år: 1800 kr
0-3 år: 0 kr
Husk at kontingent må være betalt for alle påmeldt leiren for å få medlemspris.

Ikke Jubamedlem 0-18 år: 2900 kr

Program for uken jobbes det med frem mot leiren!

Påmeldingsfrist er 1. juni. Påmelding her. 

 

Om årets leir

Leiren i år skal vere på Åsan folkehøgskule, som ligg på Hylkje, i Åsane i Bergen. Det er gangavstand til fjorden og badestrand. Mange av aktivitetane vil vere på skulen, mens andre blir utfluktar i området. Ein kan komme seg til skulen med bil, eller ein kan ta toget til Bergen.

I år vil det bli både turar, fotball, freesbeegolf og ulike formingsaktivitetar m.m.

 

Konseptet «Aktivitetsleir»

Tanken bak aktivitetsleiren er at born og vaksne skal få gode fellesopplevingar gjennom aktivitetar dei gjer ilag. Dei vaksne delar på ansvaret for borna – på leiren er det snakk om «våre born». Alle er aktive og er med på å skape innhaldet i dei arrangementa vi deltek i.
Vaksne har eit spesielt ansvar for å involvere og aktivisere borna utan å ta over aktiviteten eller overlate borna til seg sjølve. Det skal likevel vere mulig å ha opplevingar som vaksen saman med andre vaksne, til dømes ved å gå ein lang fjelltur eller berre å ta ein rusletur og ha ein god samtale. For å få til det kan ein gjere avtale med andre vaksne om å byte på ansvaret for borna.

 

Praktisk informasjon

Alle dagane er inndelt i ei formiddagsøkt og ei ettermiddagsøkt. Nokre økter har tilbod om fleire aktivitetar, andre er lagt opp til ein fellesaktivitet. På fellesaktivitetane er ein oftast delt opp i grupper. Nokre aktivitetar blir gjentatt fleire gongar, andre blir arrangert ein gong. Er det fleire ting som går parallelt må ein sjølv melde seg på den aktiviteten ein vil delta på. Dette gjer ein frå dag til dag på leiren.

Alle måltid (frukost – smørelunsj- middag -kveldsmat) er felles på leiren, og inkludert i avgifta. Alle kan drikke det dei vil av te, kaffi og saft gratis. Vil ein ha noko anna kan den enkelte sjølv syte for det.

 

Bilder fra fjorårets leir