Juba Haugaland

, skrevet av Rune Mikkelvik

Det er tid for presentasjon av nytt lokallag, og denne gangen er det Juba Haugland som drives av Marie Fludal.

Juba Haugaland blei starta i 2019, og me er cirka 15 medlemmer (store og små). Me har ikkje éin hovudaktivitet, og dessverre heller ingenting fast som skjer (enno) sjølv om me gjerne skulle hatt det. Den aktiviteten som har vore, ber preg av at me i styret er glade i brettspel og kreativt syssel, så me har hatt aktivitetar som påske- og juleverkstad og brettspeldag.

For tida er me i gang med å planlegga ein fast turdag som skal vera lågterskel for kven som helst å delta på. Men håpet er at me etter kvart skal ha ein fast samlingsdag med ulike former for aktivitet.Om nokon i området er interesserte i å vera med på aktivitet eller å vera med og stella til noko, så er det berre til å ta kontakt!